veidekke

God Jul fra Lerum Brygge

2020-12-21
No er snart det spennande, og sikkert for oss alle på mange måtar utfordrande året 2020 over. For oss som arbeider med Lerum Brygge har det vore eit kjekt og spennande år.

Det har vore kjekt å sjå den gode mottakinga som prosjektet har fått ute i marknaden, noko som resulterte i ein særs god salsstart. Vi ser med stor glede fram til å arbeide med prosjektet vidare. Vi skal gjera vårt yttersete for at Lerum Brygge skal bli eit godt prosjekt både for dei som skal bu der og for omgjevnadane elles!

Når vi no nærmar oss slutten på 2020 ynskjer vi å informera om status på prosjektet:

Etter ein intensiv periode med særs godt utført arbeid skal det bli kjekt å nyta julefreden, men alle gleda seg stort til nyåret og vidare arbeid med Lerum Brygge – utfordrande, spennande og kjekt prosjekt å arbeida med tykkjer vi alle!

Det er særs god framdrift på byggeplassen!
Entreprenøren hadde planlagt å få støypt golvet til garasjen før året er omme, men då det har vore ei særs god framdrift har entreprenøren også fått støypt delar av veggane i garasjeanlegget. Råbygget for 1. bustadetasje vil være på plass i slutten av februar månad. Råbygget for heile Blokk A vil være på plass til sommaren!

Han har god oversikt og fin utsikt han som sit i kranen – 35 meter over bakken.

Kva med neste byggjesteg - blokk B?
Parallelt med bygging av Blokk A arbeidast det med utvikling av Blokk B som neste byggesteg, vi har eit mål om at denne skal leggjast ut for sal i mars/ april månad 2021. I form, arkitektur og leilegheitstypar kjem denne til å stå fram som Blokk A.
- Vi ser fram til å få lagt ut denne blokka for sal, seier prosjektleiar Leif Henning Øyre.

Kor mange blokker skal det byggjast i prosjektet?
Som sikkert kjent for dei fleste er det planlagt å byggja fire blokker, men i desse dagar arbeidast det med å finna ei løysing der utbygginga samla blir på tre blokker. Dette vil gje større avstand mellom blokkene og det vil soleis bli betre utsikts- og lystilhøve. Ved utvikling av Blokk B leggjast det opp til ei slik løysing.

Utbygging med 3 blokker – større avstand mellom blokkene, betre utsikts og lystilhøve

God Jul og godt nytt år fra Lerum Brygge!