veidekke

Riving av fabrikkbygningane er i gong

2019-12-10
5. desember markerte vi starten på rivingsprosjektet på Lerum Brygge.

Styret for Lerum Brygge inviterte til ein symbolsk start på rivinga ved at taket på portbygget til Lerum vart rive. Vi hadde ei enkel tilstelling med julegrantenning på Dampskipskaien og musikk av Sogndal Musikklag.

Rivinga av Lerum skjer 100 år etter at Nils Lerum starta med produksjon av saft og syltetøy i Sogndal. Styremedlem Gerd Kjellaug Berge - barnebarn til Nils Lerum - fortalde om livet og oppveksten på kaien og prosjektleiar Leif Henning Øyre informerte om status på prosjektet.