veidekke

Riving av fabrikkbygningane snart ferdig!

2020-02-13
Vi kan melde om at rivearbeidet på Lerum Brygge har gått svært godt og vil vere utført i midten av neste veke.

Mykje av avfallet etter rivearbeida er levert til SIMAS for gjenvinning eller destruksjon. Betongavfall blir frakta med båt til Nederland for gjenbruk. Den store stålhallen som var lager for Lerum sine syltetøyprodukt er blitt demontert for gjenbruk.

Foto frå rivinga:


Ein æra er forbi…

Aktiviteten på Lerums-kaien har ei lang og god historie. Vi skal utforma eit bustadprosjekt som skal danne grunnlag for ei like god historie. Foto: Lerum, 1976.



Kva skjer vidare?

Når riveabeidet no er ferdig, startar arbeidet med å føreta grunnundersøkingar for å finna den mest optimale fundamenteringsmetoden for bygningane.
Dette er eit arbeid som vil starte i byrjinga av mars månad og vare i om lag 2-3 veker, og det vil her bl.a bli utført ein del pelearbeid.


Kva type leilegheiter vil vi ha?

Blokk A  vil ha 43 leilegheiter som vil variere i storleik frå 35 m2 til 120 m2. Dette vil vere leilegheiter både med 1, 2, 3 og 4 soverom.


Kva med salstart?

Vi har ei god framdrift i prosjektet og vi har framleis arbeidsmål på salstart våren 2020.